lørdag 10. desember 2016

Bok 98 2016: "Kruttårnet" av Jens Bjørneboe

I denne andre boka i serien "Bestialitetens historie" er forteljaren vaktmeister i eit galehus. Skildringa av "det ondes problem" kjem til uttrykk i ei rekkje foredrag haldne av tilsette og innlagde ved galehuset. Svært mykje handlar om avrettingsmetodar, død og elende knytt til straff og underhaldning. Dette er ikkje ei bok for pyser, og ein kjem ikkje verken i julestemning eller "feelgood" modus av den, men Bjørneboe var noko for seg sjølv, noko som gjer bøkene vel verde å lese.

Også denne lydboka er glitrande innlesen av nils Ole Oftebro, noko som gjer leseopplevinga ekstra givande.



1 kommentar:

  1. Eg las den trilogien for mange år sidan, den tida eg knapt kunne gå, men sat i ein stol , eller låg heile dagen. Har heldigvis gløymt det meste, det som sit att er skildringa av avretting av folk i den elektriske stolen.

    SvarSlett