torsdag 16. februar 2017

Bok 12 2017: "Keiseren av Portugalia" av Selma Lagerlöf

Denne boka er rett og slett nydeleg. Ein fattig bonde er så ufatteleg glad i dottera si, og kona og han sjølv veit ikkje kva godt dei skal kunne gjere for Klara Fina Gulleborg. Ein dag reiser den unge jenta frå dei for å tene pengar, og dei verken ser eller høyrer noko før det brått oppstår eit rykte som faren nektar å ta inn over seg. I staden flyktar han inn i galskapen og blir der verande.

Ei fantastisk bok om kjærleik og fattigdom.

1 kommentar:

  1. Den boka står på lista over det eg har lyst å lese. Vi var i heimen hennar i sommar og fekk omvisning.

    SvarSlett