tirsdag 7. mars 2017

Avspark for valkampen

Måndag kveld var det felles møte for partilaga i Ørsta, Volda og Hornindal, og vår lokale stortingsrepresentant og kandidat Fredric Holen Bjørdal heldt ei inspirerande innleiing. Etterpå brukte vi om lag ein time til å diskutere ulike strategiar når det gjeld kva saker vi skal fokusere på - og korleis.  Det var eit lærerikt møte, og eg ser fram til å arbeide for regjeringsendring til hausten.

For meg er det arbeidsplassar og sjukelønsordning som er dei viktigaste sakene, saman med sjølvsagde toppsaker som skule og helse/omsorg. Det hadde òg vore positivt om partiet hadde fronta nokre viktige miljøsaker som plast i havet, som var ei av sakene vi snakka om på møtet.

2 kommentarer:

  1. vert ei fæl tid, all loving og lyging som kjem

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg berre håpar det vert ein anstendig valkamp, og ikkje USA-inspirert eller rasistisk.

      Slett