lørdag 11. mars 2017

Bok 17 2017: "Frankenstein" av Mary Shelley

Denne boka vert nemnd i norskpensumet til klassen min, og eg tenkte eg skulle lese boka før eg presenterte eit utdrag av den for dei. Denne boka handlar om ein mann som finn ein mann som fortel ei historie om eit monster han har skapt. Det vert ein del eg-personar å halde styr på, men forteljinga er sjølvsagt interessant nok. Det er spesielt interessant å lese den som ei spegling av tidsånda, der galskap og vitskap vert problematisert. Å tenkje på at det var ei ung kvinne som skreiv den meir eller mindre som ein del av ein selskapsleik, gjer det også ekstra interessant. Så frykteleg spennande er den ikkje, men filmatiseringane vert litt skumlare. Det skal bli litt kjekke norsktimar den veka vi jobbar med denne....

3 kommentarer:

  1. Har aldri lest den, men har hørt om Frankenstein. Sett forskjellige film og tv versjoner av den.

    SvarSlett
  2. Den som hadde fått tak i Danny Boyle sin versjon for National Theatre, der Benedict Cumberbatch og Jonny Lee Miller skifta annankvar natt mellom å spele Frankenstein og monsteret...... https://youtu.be/E4p96vqI3zA

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det hadde vore noko... Takk for youtube-klipp! Eg ser føre meg at det blir ein del youtube og filmsjåing på privaten framover.

      Slett