lørdag 13. mai 2017

Heimeeksamen

Eg har gått inn i ei boble. Måndag og tysdag var eg student, men retta på kveldstid, sjølv om vi fekk eksamensoppgåvene tysdag. Onsdag, torsdag og fredag var eg på jobb som normalt, men retta på spreng i ledige stunder slik at eg skulle bli ferdig med tentamensbunkane før helga - noko eg greidde. Fredag kveld sette eg meg til med pensum og skreiv dei første tusen orda. I dag, laurdag, stod eg tidleg opp og begynte på oppgåva att, sjølv om sola skein nydeleg ute. På eit tidspunkt fann eg ut at eg kunne lese ute og skrive inne, men då fekk eg hovudverk og måtte gå ein tur med Charlie for å klarne hjernen.

I bloggande stund har eg fått ned i dokumentet litt over 2000 ord, og kravet er 4000. Problemet er ikkje å få nok ord, men å få med dei rette orda og lage flyt i teksten. Erfaringa mi tilseier likevel at det er om å gjere å skrive mange ord for deretter å stryke og redigere. Eg har større kompetanse i å skrive godt enn i sjølve faget, der eg er langt meir usikker på om eg har forstått alt rett.

Og igjen minner eg meg sjølv på at eg berre treng ståkarakter, men det er "ittnå som kjem ta sæ sjøl". Dei 4000 orda må på plass, og eg må svare skikkeleg på oppgåva. Det er trass alt masternivå, dette her....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar