mandag 4. september 2017

Monday, Monday

Dagens trim i dag var at eg gjekk til og frå jobb, frå kaia, og at eg klipte plenane. Dette vart rikeleg mange steg, men ikkje akkurat noko å ta bilete av i det nydelege turvêret. Elles har dagen gått med til jobb (to timar undervisning) og pensumlesing. Heile førti sider om kvantitativ metode har eg streva meg gjennom, og det er eg godt nøgd med. Plenslåtten tok eg i ein pause i lesinga.

Minstemann og Naboguten pakka med seg ein del utstyr som eg køyrde til grendahuset, der dei no skal ha øvingslokale. Det har derfor vore ein stille kveld med god arbeidsro for Gamla. I går kveld øvde dei i kjellaren her, det er kanskje det kjekkaste, for noko av det beste eg veit er å høyre ungane mine ha det kjekt.

Sidan eg ikkje har turbilete, legg eg ut bilete av dagens middag. Minstemann bestilte i førre veke fylte pannekaker til middag i dag, og det måtte han sjølvsagt få. Fyllet bestod av ein lauk, ein pakke sopp og nokre pølser surra i panna og tilsett ein pakke fløyte (+ salt og pepar). Dette stod og kokte medan eg steikte pannekaker, så fløyten vart redusert og konsistensen som ein stuing. Minstemann fekk velje mellom pølser og skinke, og sjølv hadde eg nok likt skinke betre. Eventuelt så kunne ein berre hatt sopp og lauk, for det var veldig godt.

Planen var å ete to pannekaker med fyll og ei til dessert med blåbærsyltetøy, men så langt kom vi ikkje.

2 kommentarer:

  1. Denne retten hugsar eg frå 80-talet då han var nyskapande!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg fekk servert tilsvarande hos dykk på Fantoft i si tid. God kvardagsmat, men ein burde ha meir grønsaker til. Minstemann insisterte på å ete den som wrap...

      Slett