fredag 20. oktober 2017

Ved vekeslutt

I år har vi begynt med "fagdagar" på jobb, slik at ein anten har 8, 4 eller 0 timar i eit fag på fredagane. Hittil har eg berre jobba to fredagar med 8 timar kvar, og elles har eg hatt studiefri. I dag var eg tidleg oppe og las eit par artiklar før Veslejenta stod opp (ho hadde òg fri). Deretter gjekk vi på tur i Mjeltvika med hunden, og no er vi klare for oppvarma fårikål frå i går. Eg har vore superhusmor denne veka og servert både heimelaga kjøtkaker og pannekaker - i tillegg til fårikål. Eg lagar framleis rikeleg store porsjonar, så det held ofte i to dagar. Minst. 


I går fekk eg levert ein pall med ved på døra, og i dag viste det seg at vi hadde fått eit nytt husdyr som stortrivst på toppen av vedsekkane. Han var ganske pen.

2 kommentarer:

  1. Kan det vere ein øyenstikker?

    SvarSlett
    Svar
    1. Minstemann var så imponert over biletet/kameraet, men han trudde det var ein mygg. Det er ein stor augestikkar.

      Slett