søndag 6. mai 2018

Regntung søndag

Etter ein nydeleg, mild vårdag i går kom regnet for fullt i dag. Det er akkurat som om ein kan sjå korleis det vert grønare ute for kvar byge, og eg er glad vi fekk klipt plenen i går.

Veslejenta og Minstemann skulle i konfirmasjonsselskap på Eid i dag, og dermed vart det dårleg med tur på føremiddagen. Etter at dei reiste, fekk eg stikke nasen ned i den nest siste rettebunken for i år. Den er tjukk, men det ser ut til at elevane har skrive ganske godt. Om eg får den ferdig i løpet av veka, tvilar eg på, sidan det blir den komande konfirmasjonen som står i fokus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar