søndag 9. september 2018

Bok 65 2018: "Skuggasund" av Arnaldur Indriðason

På Island fanst det mange amerikanske soldatar under andre verdskrig, og nokre gonger vart dei lokale jentene lokka til å bli kjærast med ein soldat, sjølv om denne kanskje laug om både opphav og hensikt. Ei ung jente vart funnen død, og etterforskinga går sin gang, før den brått vert avslutta.

I notida vert ein gammal mann funnen død, og det viser seg at han er blitt drepen. Kven har interesse av å drepe ein så gamal mann, og kva er samanhengen mellom han og jenta under krigen?

Dei to historiene vert fortalde parallelt, men det går rimeleg greitt å halde dei frå kvarandre. Det er kjekt å lese om andre land og kulturar, og om historie, så denne kriminalromanen vart som eit litterært kinderegg
.

2 kommentarer:

  1. Eg fekk verken rippa den eller høyrt den på spelaren min.

    SvarSlett
  2. Nei, eg høyrde den på laptopen min

    SvarSlett