fredag 25. januar 2019

Tiddelibom og huttemegtu

Jau då, det var fint med snø, men etter kvart vart det vanskeleg å handtere den. Etter nokre dagar der eg måtte parkere ved hovudvegen, og deretter naboen ikkje komseg opp innkøyrsla mi med traktoren sin, parkerte eg bilen ved kyrkja i staden. Då kom den snille naboen med traktor og rydda tunet og oppkøyrsla for snø. Denne veka har det vore litt mildare, og ingen nedbør siste dagane, men det er is og elende på vegar og gangvegar. Her heime har eg piggskor, men mykje av dagane er eg ikkje heime, og då vandrar eg rundt med liv og helse som innsats.
Naboen på veg opp oppkøyrsla


Imponerande pantelappar
Det har blitt ein del oppgåveskriving og pensumlesing i det siste, noko eg er stolt av å få til. Siste veka har det ikkje vore noko møte på kveldstid, og eg har ikkje hatt nokon rettebunkar. Det har dermed vore energi frigjort til oppgåveskriving, men òg til andre prosjekt. Eg har til dømes rydda i den eine kjellarboda, der eg  fann 14 plastnett fulle av tomflasker og boksar. Desse panta eg, og det vart over 300 kroner. Det vart dessutan litt ryddigare i boda, sjølv om mykje står att. Eg er fæl til å slenge frå meg diverse i periodar når eg har det travelt, og så må eg ta att ryddinga seinare. Og "seinare" kjem altfor sjeldan.

Det sunne livet uteblir litt, men vi har ete ein del restar frå frysar og kjøleskap. Det vert rydding av frysar og kjøleskap òg innimellom, og dessverre blir det kasta ein del ubrukeleg mat. Eg skal bli flinkare til ikkje å kjøpe inn for mykje friske grønsaker, til dømes, men heller satse på frosne i kvardagen. Det er så mykje enklare og meir handterleg for små hushaldningar.

Men i dag er det fredag, så då blir det nachos med salat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar