søndag 28. april 2019

Charlie 5 år!

I dag var det meir skya enn på lenge, og det kom nokre regndropar om morgonen. Dette gjer nok underverk for naturen, og det vart langt enklare å motivere seg for dagens dont. Eg fekk ferdigstilt tentamensbunken klokka 16.58, etter å ha jobba til langt på kveld etter hagearbeidet laurdag og frå føremiddagen av i dag (eg vaska huset først). Livet er ikkje så festleg slike helgar, men neste helg har eg fullt program og ikkje høve til å rette. Det kjem ein lang ferie etter dette...

Bursdagshunden måtte vente med feiring til ungane kom litt over klokka 17. Då laga vi til "kake" av ein kolva hundemat pynta med hudesnop. Han var så vill då vi laga til at vi frykta han ville hoppe opp på bordet.

Vi menneska laga og åt vaflar med rømme og jordbærsylte. Vi hadde mykje rømme, mjølk og egg som snart gjekk ut på dato, så det var greitt å få brukt opp noko av det. Charlie fekk ikkje smake vaflar, for vi var redde for at det kunne bli for mykje uvan mat på ein dag. Han kan heller få restar i morgon.

Uansett feiring eller ikkje, så er Charlie ein super hund med mykje personlegdom. Eg håpar på mange fine turar no i sommarhalvåret, for då har vi det aller kjekkast ilag.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar