torsdag 12. september 2019

Val 2019 og livet generelt

Valet og valresultatet har prega livet mitt dei siste dagane, samtidig med heilt andre gjeremål. På valdagen måndag vart eg nøydd til å skunde meg heim frå jobb, for det kom ein bil frå Bring med det nye kjøleskapet og frysaren min. Dei henta òg med seg dei gamle, defekte kvitevarene. Etter leveransen måtte eg attende til Folkestad skule for å stemme. Om kvelden var det valvake, og resultatet var like dårleg som forventa for vår del, men blokka vi er med i greidde så vidt å halde på eit fleirtal, dersom ein vart einige. Eg kom ikkje heim før klokka var over 2 om natta, og då visste eg ikkje om eg kom inn.

Ut på tysdagen fekk vi kontramelding om at vi hadde mist eit mandat til partiet Raudt. Det leid langt på dag før eg fekk vite at eg hadde kome inn i kommunestyret til den nye kommunen, og det vart eg sjølvsagt glad for. Elles hadde vi møte i grendahusstyret, der vi mellom anna la planar for basar og handtverksmesse.

Onsdag var det nye forhandlingar om samarbeid i det nye kommunestyret, og eg var oppteken med foreldremøte på jobb om kvelden.

Torsdag (i dag) vart det endeleg klart at SP får ordføraren og Ap varaordføraren, noko eg har håpt skulle bli resultatet. No er det berre å brette opp erma og ta fatt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar