fredag 14. februar 2020

Masteropplevinga


Etter fire og eit halvt år er eg no ferdig med masterstudiet mitt, noko eg sjølvsagt er både letta og glad for. Likevel kjenner eg eit visst behov for å legge fram noko av den frustrasjonen eg har kjent på den siste tida.

Hausten 2015 begynte eg på masterstudiet i undervisning og læring, med fordjuping i norsk. Dei første fem semestra tok eg masteremne, og våren 2018 fekk eg godkjent forskingsplan og teorigrunnlag. Leveringsfrist for masteroppgåva var 1. juni 2019, og eg såg etter kvart at eg ikkje fekk ferdigstilt oppgåva innan denne datoen i tillegg til å jobbe 100%, og eg bestemte meg derfor for å bruke sommarferien til å få oversyn og reinskrive eit utkast som eg så kunne bruke noko tid hausten 2019 på å korrigere, etter at rettleiing var gjeve.

5. august leverte eg eit slikt utkast til rettleiar. Etter dette fekk eg meldingar om at han ikkje hadde hatt tid å lese oppgåva, i tillegg til at to avtalar vart utsette. Då den andre av desse vart utsett, var datoen 28. oktober, altså nesten 3 månader etter at eg sende utkastet og litt over ein månad før leveringsfristen 2. desember. Eg skreiv attende at eg var noko stressa fordi det gjekk mot leveringsfrist, og svaret eg fekk då var at eg fekk ta kontakt med høgskulen for å få ny rettleiar.

Eg tok straks kontakt, og etter litt over ei veke fekk eg som svar at ny rettleiar var sett inn, men at vedkomande ikkje kunne rettleie før i desember, altså etter innleveringsfristen. Eg slo meg først til ro med dette, men etter massivt påtrykk frå folk rundt meg bestemte eg meg for å levere oppgåva utan rettleiing, vel vitande om at dette er uvanleg og ikkje ønskjeleg for nokon av partane. På dette tidspunktet var eg grundig lei, men eg sette meg ned og skreiv oppgåva «ferdig» så godt eg kunne. Eit par dagar før leveringstid sende eg inn oppgåva, etter å ha fått litt hjelp med det tekniske av to kollegaer og ei gjennomlesing av ein journalist som såg over det reint språklege. No fekk det bere eller briste!

19. desember, 2 ½ veke etter leveringsfristen, fekk eg epost frå høgskulen om at sensorane ikkje hadde blitt einige om ein karakter, og at ein derfor måtte finne nye sensorar. Sensurfristen var 20. januar, så det var ein månad att, og eg tenkte i mitt stille sinn at dei kunne no ha brukt litt meir tid og kome til einigheit, eventuelt kalla inn ein tredje person, men eg måtte no berre innfinne meg med situasjonen.

8. januar fekk eg på nytt epost frå høgskulen. Denne gongen fekk eg vite at dei hadde funne nye sensorar, og at sensurfristen no var sett til 19. februar. I dag, 14. februar, fekk eg resultatet, meir enn to månader etter at eg leverte. Ikkje noko strålande resultat, men nok til at eg no kan legge bak meg heile mastersprosjektet.

Som lokalpolitikar har eg vore oppteken av å framsnakke Volda, men dei erfaringane eg har fått siste halvåret har gjort at eg tenkjer det er viktig at Høgskulen leverer gode tenester til studentane og ikkje øydelegg sitt eige omdømme. Det hjelper lite å halde forelesningar om motivasjon og vurdering for læring viss ein ikkje lever etter eiga lære.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar