tirsdag 29. september 2020

Bok 71 2020: "Naken i hijab" av Gunn Marit Nisja


Norske Live reiser på ferie til Egypt og forelskar seg i ein av dei lokale mennene. Etter at ho kjem heim, held dei fram med å ha kontakt, og til slutt endar ho opp i Egypt saman med han. Meir skal eg ikkje røpe, anna enn at forholdet ikkje blir verken enkelt eller harmonisk. Faktisk utviklar det seg til litt av eit melodrama, og etter mitt syn vart det i overkant mykje. Samtidig var det ei spennande bok å lese, spesielt fordi lesaren ser fareteikna før hovudpersonen. Eit sterkt minus er dei passasjane der andre kvinner har synsvinkelen, det svekkjer boka. Lesaren treng ikkje å matast med teskei.

2 kommentarer:

  1. Då eg anbefalte deg denne boka, var det ikkje for at eg trudde det var stor litteratur. Eg er samd i alt du skriv om boka, men eg syntest den var spennande fordi eg lurte på korleis ho skulle komme seg ut av det. Forfattaren har budd i Egypt og sett mange liknande historier i røynda.Eg les ikkje så kritisk som du.I alle fall ikkje slike bøker.

    SvarSlett
    Svar
    1. Den var kjekk å lese, men kunne ha vore enda betre med nokre enkle grep, tenkjer eg.

      Slett