lørdag 29. mai 2021

Ulvedal

Like ved Blakset, på Panoramavegen mellom Stryn og Lote, såg eg ein gong eit uteamfi og eit skilt som tilsa at der skulle vere eit turområde. Tysdag etter jobb hadde Bladfyken og eg eigentleg ingen mål og meining når det gjaldt turmål, men så enda vi opp ved dette amfiet ved eit skilt som sa "Ulvedal". Der var fleire alternative ruter for turgåing, og vi enda opp med å gå den nedre ruta, der vi fekk sjå ei røvarhole (Baggehola) i eit bratt berg, utsikt over fjorden på ein plass som var veldig bratt, ein botanisk hage anlagt på ein stad midt i ei fjellside som hadde vore brukt til fruktdyrking tidlegare og ein berghammar som hadde vore brukt til utsprenging av skiferheller. Det var kanskje ikkje så lange gåturen, men det var mykje interessant å sjå, noko som denne dagen var langt viktigare. 



Baggehola, der segna seier ein mann gøymde seg for øvrigheitene i tre år etter å ha slått i hel ein annan mann i Innvik. Han fekk seinare lovnad om frikjenning viss han tok seg av ein ugjerningsmann på Selje kloster, noko han gjorde. Kona rodde over med mat i dei tre åra mannen budde i den bratte fjellsida.

Her dyrka bøndene frukt og bær tidlegare, før dei fekk til slikt på eigne gardar. Ein lun og fin plass midt i fjellsida.

Her synte spor etter skiferhelleproduksjon

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar