torsdag 17. juni 2021

Bok 38 2021: "Den tredje løgnen" av Agota Kristof


I den tredje boka i trilogien om tvillingane Claus og Lucas flyttar Lucas attende til barndomsbyen, der han prøver å finne att broren Claus. Boka er svært forvirrande, då den blandarfakta og fiksjon på ein slik måte at det er vanskeleg å forstå kva bokserien eigentleg har handla om. Eigentleg fekk eg lyst å lese heile serien på nytt med det same, og det kan hende eg gjer akkurat det ein gong. Eg må seie at eg likte den første boka aller best, for heile spørsmålet om kva som eigentleg hadde skjedd og kven som eigentleg fanst vart veldig forvirrande i lengde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar