søndag 11. juli 2021

Heimveg med omveg


Frå Hjerkinn og heim att tek det om lag 4 1/2 time å køyre, ifølgje Google. Me hadde ein slags tanke om å drikke kaffi på Lom, men det var altfor kort tid etter frukosten. Då me kom nokså nær Lom, begynte eg å tenkje på eit monument eg hadde lese om for nokre år sidan, og som me eventuelt kunne reise for å sjå. Me snakka òg om at det går ein veg i retning Sogn frå Lom, men me visste ikkje noko særleg om den. På rein impuls køyrde me derfor i retning Bøverdalen, der den heilt spesielle Sagasøyla står. Monumentet er kolossalt digert, og det er dekorert med ulike historiske motiv. Årsaka til at monumentet står i Bøverdalen, i staden for sentralt plassert i Oslo, er mellom anna at kunstnaren gjekk inn i NS, noko som gir det nasjonalromantiske preget ein bismak. 

Frå Bøverdalen til Sogn køyrer ein gjennom eit ufatteleg vakkert terreng. Det øvste punktet på vegen er heile 1435 moh, og det er ved "Fantesteinen", der "reisande" skal ha gøymt seg og angripe forbifarande. Det var 13-14 grader i lufta, og folk gjekk på ski på hi sida av vatnet. Også dette var ein stad eg kunne ha tenkt meg attende til, bortsett frå at vegen ned på vestlandssida var grusomt svingete og smal.




Apropos grusomt svingete og mal: då me kom til Luster, kom me til å tenkje på det forferdelege sanatoriet i filmen "Villmark 2". For ei tid attende las eg at Harastølen, som tuberkulosesanatoriet heiter, no skal restaurerast og gjerast om til hotell. Sidan det ikkje er så ofte me reiser til Luster, ville me få med oss dette òg. Men vegen opp var usannsynleg smal og svingete, med grusveg og øydelagd asfalt det meste av vegen. Vel oppe kom me i snakk med ein arbeidsmann som var ein av investorane i prosjektet, og eg sa eg vil kome attende når restaureringa er ferdig. 


Etter stoppet i Luster køyrde me strake vegen til Byrkjelo, der eg åt middag for andre fredag på rad. Ein fantastisk mini-ferie var over, og det var på tide å reise heim til hund og hus. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar