torsdag 28. desember 2023

Julaftan 2023

Eldstejenta kom ikkje heim til jul i år, for ho og kjærasten reiste til Göteborg for å feire saman med familien hans. Dei hine tre kom derimot heim, og i tillegg var Bladfyken her. I og med at julaftan var på fjerde søndag i advent, vart det ein rolegare dag enn når nokon må jobbe eller handle. Eg hadde vaska huset vesle julaftan, og så hadde vi pynta tre, ete graut og deretter ete spekemat og potetsalat, noko som truleg har blitt ein tradisjon heime hos oss. Sjølve julaftan gjekk dermed på tradisjonelt vis med sein og god frukost, middagsførebuing og skjortestryking. Vi gjekk i kyrkja medan svineribba steikte, og pinnekjøtet hadde fått dampa seg ei stund før vi gjekk. Veslejenta pynta bordet, og Storegut laga rabbestappe. Alt smakte fortreffeleg, og ingen orka desserten eg hadde laga. Vi tok oss ein liten pause med kaffi og julekalender på tv før pakkeopninga starta, og etter vi var ferdige med det, måtte vi teste ut den siste pakken: eit nytt brettspel. Alt var hyggeleg og roleg, bortsett frå at kvelpane slost om gåvene sine.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar