torsdag 27. juni 2024

Bok 17 2024: "Naustet" av Jon Fosse

 Eg må med skam melde at eg ikkje har lese mykje av Jon Fosse tidlegare, berre eit drama og boka "Andvake". Den repeterande stilen har for meg vore nærast parodisk, men eg gav forfattarskapen ein sjanse til, i og med at han er landets mest internasjonalt anerkjende nolevande forfattar. 

skrivestilen i "Naustet" er repeterande på ein suggererande, poetisk måte. Eg-personen sit på rommet sitt og prøver å skrive seg ut av ei uro han kjenner på, og bit for bit vert forteljinga om han og møtet hans med barndomsvenen Knut avslørt, i tillegg til forteljinga om den innpåslitne kona til Knut'n og "ho jenta" frå fortida, og vi forstår at hovudpersonen har eit noko problematisk forhold til kvinner. Når han stadig nemner at mora, som han i ein alder av 30 år framleis bur saman med, "ikkje er så gamal", forstår ein at mannen slit. 

Eg skal lese fleire bøker av Jon Fosse, for det bør ein gjere, men dette er meir krevjande enn mykje anna eg les.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar