tirsdag 30. juli 2024

Liverpool 2024

 Måndag 22. juli starta reisa til Liverpool. Vi tenkte å gjere avreisa så lite stressande som mogleg, og valde derfor å køyre til Lillehammer første dagen og ta inn på hotell Breiseth. Det var eit mistak. Hotellrommet var svært lite hyggeleg, og det regna fælt ute. Frukosten var heilt ok, men vi burde ha skippa den for å få betre tid. På Gardermoen stressa vi fælt med parkering og innsjekking, men med god hjelp av personalet og ein heil del springing kom vi oss om bord i flyet like før dei stengde inngangen. Flyturen til Manchester gjekk fint, og der var ingen vidare problem verken med bagasje eller togturen vidare. Rommet på hotellet (Heywood House hotel) var kjempefint, og vi hadde ein stor balkong i tillegg til til dømes kjøleskap, noko som gjorde opphaldet triveleg. Dei serverte ikkje frukost på hotellet, så vi kunne handle inn og legge på kjøl sjølve, eller vi kunne velje tradisjonell engelsk frukost i puben som låg vegg i vegg, noko vi gjorde dei to siste dagane.

Sidan vi kom fram på tidleg ettermiddag, fekk vi brukt første dagen til å gjere oss kjende i sentrum, som var overraskande triveleg. Det var fint å spasere rundt nede ved elva, og Albert Dock var eit tidlegare hamneområde som var gjort om til hyggelege restaurantar og caféar. Rundt omkring stod gamaldagse bilar som vart brukte til å selje gatemat, noko som også gjorde området ved elva veldig triveleg. Nede ved statua av the Beatles låg eit bygg der ein mellom anna kunne kjøpe billettar til ferjetur på elva Mersey, og på takterassen låg ein restaurant der ein kunne nyte mat og drikke med ei flott utsikt over området. Vi for ikkje på shopping, men vi gjekk nokre gonger gjennom det imponerande shoppingområdet Liverpool One. Hotellet låg like ved Mathew Street, som er gata der klubben the Cavern låg. Der finn ein no ein kopi av klubben, i tillegg til fleire andre klubbar der ein mellom anna kan oppleve "8 days a week Karaoke". Det var eit støyande og yrande folkeliv i dette området både dag og kveld. Vi brukte veka godt til å oppsøke fleire museum (Museum of Liverpool, World Museum, British Music experience, the Beatles Story) og den anglikanske katedralen, i tillegg til opplevingar som Magical Mystery Tour, som er ein to timar lang rundtur der ein får sjå ulike stader som har å gjere med the Beatles, ferje over Mersey, kanalbåttur, parisarhjultur og eit besøk på the Cavern. Vi åt mykje og god tradisjonell mat som "scouse" (som er inspirert av norsk lapskaus og har gitt kallenamn til folka i byen), fish and chips, pai and mash, scones og den før nemnde frukosten. Det vart òg drukke både øl og te, og eg må seie vi fekk ei temmeleg god kjensle av kulturen gjennom fleire sansar. Vi hadde eigentleg tenkt oss turar ut frå byen, men likte oss så godt at vi vart verande. Det var nok av ting å finne på, og siste dagen var det Pride-arrangement som gjorde at byen var full av folk, og dermed køar og fulle caféar.

Søndagen skulle vi reise litt ut på kvelden og mellomlande ein time i København.Vi tok toget til flyplassen så tidleg at vi heilt sikkert skulle unngå slikt stress som vi hadde utreisedagen, men så vart det kaos likevel. Først forsvann telefonen min i sikkerheitskontrollen, men dukka heldigvis opp att. Deretter vart flyet forseinka, så det var fare for at vi ville miste flyet vidare frå København. Vi fekk melding om at flyet til Oslo skulle haldast att, men så vart vi ståande fast i passkontrollen så lenge at flyet gjekk utan oss likevel. Vi fekk dermed overnatte på eit hotell på Kastrup til måndag morgon. Det var litt surt å kome ditt ved midnatt, utan anna enn handbagasje, men vi valde å ta det sporty og tenkte at vi slapp å køyre heim om natta. Måndag morgon rakk vi så vidt litt frukost før eg oppdaga at vi hadde sett feil på tida, så flyet skulle ikkje gå klokka 8.10, men klokka 7.00. Vi såg då føre oss svært mykje stress, men det var langt enklare å sjekke inn på Kastrup enn på Gardermoen. Vi fekk dessutan hjelp av hyggeleg personale, som fortalde oss at bagasjen skulle kome på same fly som oss. Det gjorde den ikkje, men den stod heldigvis lagra på eit bakrom på Gardermoen, då den hadde blitt sendt på det flyet vi eigentleg skulle ha vore på. Deretter somla vi fælt med å finne att bilen, men derifrå og ut gjekk heimturen svært bra. Vi brukte 8 timar heim, inkludert lunsj på ei vegkro ved Lillehammer og ein beinstrekk i Oppstryn. Begge var samde om at opphaldet i Liverpool hadde vore ei fantastisk oppleving, men at vi har gjort oss ein del erfaringar når det gjeld flyplassar. Heldigvis vart ikkje noko stole, og vi rakk det vi skulle rekke. Vi har framleis eit par veker att av ferien, så forseinkinga var ikkje eigentleg noko problem anna enn der og då




























.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar