fredag 11. oktober 2024

Bok 25 2024: "Drømmelinsene" av Stig Beite Løken


Handlinga i denne boka, som kom ut i 2018, er lagd til året 2041. Hovudpersonen er eigedomsmeklar, og det er blitt utvikla eit dataprogram som kan ta med menneske på visning ved å bruke ein slags linser. Ein kan òg designe sine eigne draumar og lage seg eit liv som er betre enn det faktiske. Det finst òg robotar som er designa som menneske og kan utføre yrke. Boka er svært spesiell og tankevekkjande, men den er òg ironisk nok litt ute på dato med tanke på alt som har skjedd med kunstig intelligens dei siste åra. Eg likte den sånn passe, eigentleg.

Vest nummer 2: Poppes slipover til Storegut


Denne vesten har vore ferdig ei stund, men eg gløymde heilt å ta bilete av Storegut i den. Den passa fint til han, og eg trur det kan bli eit anvendeleg plagg utanpå skjorte, pologenser eller t-skjorte. Eg hadde vel tenkt at det skulle vere fort gjort å strikke denne vesten, men det viste seg å vere meir arbeid enn eg hadde tenkt. For det første skulle den strikkast i to delar, dermed vart det strikka fram og tilbake og deretter sydd saman. Eg er ingen fan av å sy. Å lage V-hals var ikkje vanskeleg, men etter montering måtte eg ta opp masker rundt halsopning og ermehol og deretter strikke ein kant som så skulle brettast inn og syast. Eg var overraska over meg sjølv då eg fekk det til, og det såg til og med bra ut. Garnet eg brukte var Alpakka Forte, og pinnane tjukkelse 3 og 3,5. Eg veit ikkje om det var garnet, mønsteret eller fram-og-attende-strikkinga som gjorde at strikket verka litt ruglete, men det kom seg veldig etter vask. Eigaren verka nøgd, og det er det aller viktigaste.

torsdag 10. oktober 2024

Folkestadsetra

 Rundt vatnet på Folkestadsetra går det veg og turveg, dermed kan ein gå tørrskodd når regnet bøttar ned. Med tre vaksne born heime blir det mykje mat, prat og sofaliv, derfor vart det nødvendig å gå ein tur òg. "Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårleg selskap".



Genser nummer 68: Fanagenser til Storegut

I sommar sa Storegut han kunne tenkje seg ein Fanagenser han òg, etter å ha sett og prøvd systera sin. Han tok ut fargar sjølv, og undervegs i strikkinga kom eg på at han hadde hatt eit sett som baby - det hadde mormora strikka. Eldstejenta hadde ein raud og kvit Fanagenser. Mønsteret er penare med isette erme, men eg kan ikkje sy. Garnet er Sandnes Alpakka Storm.

1997

2024


søndag 6. oktober 2024

Genser nummer 67: "Grøde" av Eco Highland Wool til Svärson


I vår var Eldstejenta og eg på strikkebutikk, der ho såg ein genser som ho meinte ville passe perfekt til kjærasten. Vi plukka ut garn og fann oppskrift, men i det eg skulle betale, såg eg at mønsteret var med isette erme, ikkje raglan eller rundfelling. Eg tok ein råsjanse på at systera mi ville hjelpe meg - viss ikkje, tenkte eg at eg kunne fri til nokon andre. Først måtte eg strikke alle delane, noko som tok si tid sidan mønsteret stort sett går i to fargar. Systera mi tok deretter jobben med å sy saman og strikke på hals. Etter å ha vaska og tørka den, sende eg den så til Oslo, der mottakaren skulle få ei overrasking. Eg var veldig spent på om den passa, men det gjorde den heldigvis. Det er vanskeleg å vite når ein ikkje har noko/nokon å måle på, og eg tenkte at trange erme vert vanskeleg når dei er sydde med maskinsaum. 

Oppskrifta heiter "Grøde", garnet er frå Viking og heiter "Eco Highland Wool". Mønsteret var i eit hefte der det var fleire modellar eg kan tenkje meg å strikke, men då med rundfelling eller raglan. 

Stor takk til Systa for arbeidet!