fredag 1. november 2024

Bok 33 2024: "Ringmannen" av Jan-Erik Fjell

 


Dette er den før nemnde Volda-romanen. To kvinner i notida vert drepne på fælt vis, og Anton Brekke blir tipsa om at deet eine liket minner  sterkt om eit anna, som patologen obduserte for tjue år sidan. Samtidig får vi høyre forteljinga om Volda-studenten frå Sørlandet, som hadde eit hemmeleg forhold til ein ung mann vi ikkje får vite namnet på. Vi skjønar snart at han er noko spesiell med tanke på sjalusi og liknande, og etter kvart skjer det dramatiske ting. Kjende Volda-stader som Rotsethornet, Det Grøne Treet og Elvadalen er nemnde, og det gjer boka meir interessant å lese enn ho elles ville ha vore. Det vert sagt at forfattaren studerte i Volda på same tid som desse fiktive personane, og det er ekstra artig. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar