mandag 25. august 2025

Bilbryderi


Første jobbveke vart avslutta torsdag ettermiddag, etter mange nye inntrykk og møte med 60 nye elevar. Eg sat i bilen min på ferja og tenkte at det skulle bli deilig å kome heim og sløve litt på sofaen. Bilen min er liten og snerten, så eg blir ofte send til midtrekka når det er mange bilar på ferja. Eg stod fint og stille og venta på min tur til å køyre av ferja, men så høyrde eg eit smell og såg at ein utanlandsk bybil hadde køyrt rett inn i spegelen på førarsida mi. Sjåføren var nederlandsk og køyrde ein leigd bubil, og han verka durkdreven i å skrive skademelding - noko som neppe er eit godt teikn. Det var ikkje tvil om skuld, men det var litt vanskeleg å fylle ut skademelding på tysk og engelsk, og så brukte vi tid på å finne ei løysing for å halde spegelen på plass medan eg køyrde heim. Vel heime sende eg skademelding til forsikringsselskapet på nett, og fredag fekk eg time til å få skaden taksert. Mannen på verkstaden teipa spegelen fast med gaffateip, slik at eg skulle sleppe bot, som han sa. No får eg vente på verkstadtime for reparasjon. 

Eg vart skikkeleg sur, stressa og irritert, men i kjend stil sa eg til det hollandske paret: "don't let this ruin your holiday". Som om det var eg som skulle trøyste dei, liksom. No køyrer eg rundt med teipa spegel og gaffateipen liggande klar sånn i tilfelle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar