tirsdag 30. desember 2025

Desember 2025

Månaden desember gjekk i ein fykens fart, med tentamensbunkar, kommunebudsjett, bilreparasjon, konsertar og husvask, blant anna. Minstemann hadde passa hundane medan eg var i Oslo, så han var heime 1. søndag i advent. 2. søndag i advent var Veslejenta innom, då vi hadde vore på musikal på Eid ogg sett Matilda. 

Elles vart søndagane rette- og vaskedagar, bortsett frå at Bladfyken og eg gjekk på kino 4. søndag i advent. Ungane kom dagen etter, så då tende vi dei resterande lysa. Storegut laga middag, Korean beef, og vi kosa oss veldig ilag. Eg hadde vore hos mamma tidlegare på dag for å ta med pakkar - gåva hennar hadde eg sete oppe og laga ferdig kvelden før.

Vesle julaftan pynta dei juletreet, og så tok dei seg ein besøksrunde medan eg laga mat og ordna i huset. Julaftan kom Bladfyken, og vi hadde ei tradisjonell julefeiring med kyrkjegang, julemat (pinnekjøt, mor, svineribbe, poteter, rabbestappe og raudkål) og mange flotte og kjekke presangar. Første juledag tok vi det veldig med ro, åt restar og spelte brettspel. Vi laga òg eit par kaker som vi tok med til Hareid andre juledag, då vi hadde slektstreff. Dei tre yngste tilbragte kvelden saman med vener, så Eldstejenta og eg hadde ein roleg kveld heime. 

Tredje juledag køyrde Eldstejenta og eg til Eid og handla inn middag. Denne dagen hadde vi lyst på pizza, og den laga Veslejenta. Storegut var også denne kvelden saman med vener, så vi "damene" spelte brettspel og såg tv.

Fjerde juledag hadde vi nok ein roleg start på dagen, men ut på ettermiddagen reiste ungane til Ørsta. Då leita eg fram den eine stilbunken eg hadde liggande, og den har eg no endeleg fått retta ferdig. Eg har ein bunke til som eg skal kose meg med vidare i nyttårshelga.

I dag, sjette juledag, kom Storegut og kjærasten på besøk, og det var veldig triveleg. Eg fekk dessutan melding om at bilen min var ferdig reparert, og Bladfyken tok den med hit og leverte lånebilen attende. Det var ei god hjelp, og han sparte meg nokre timars styr der.

No har eg sett i bløyt pinnekjøt og er klar for ei roleg nyttårsfeiring for to. Godt nyttår til alle der ute!

Eg legg ved nokre bilete frå julefeiringa vår







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar