onsdag 22. mai 2013

The Great Gatsby 2013

Det er snart 25 år sidan eg las boka "The Great Gatsby" for første gong. Vi la den opp som pensum på engelsk grunnfag, og eg las den fleire gonger for verkeleg å kunne forstå og analysere den. Eg har dessutan sett den mest kjende filmatiseringa til no, med Robert Redford i tittelrolla.

I kveld såg eg den nye filmversjonen, i 3D, med Leonardo DiCaprio i den same tittelrolla. Det er ein spektakulær og imponerande produksjon, og eg syntest husa og festane var i overkant storslått framstilde. At musikken var så moderne, var òg forstyrrande for illusjonen min. Ikkje skjønar eg poenget med 3D heller, for å vere ærleg. Når alt dette er sagt: dette er ei av dei vakraste forteljingane i litteraturhistoria, og filmen formidlar den heilt framifrå. Språket i romanen er ofte teke vare på i voiceover, og skodespelarane passar svært godt til rollene sine. Hovudpersonen Nick er dessverre unntaket, for der har ein endra karakteren for mykje i høve til Nick i boka. For dei som ikkje har lese boka først, kan dette vere mindre forstyrrande.

Uansett er dette ein film ein bør få med seg!

2 kommentarer:

  1. Eg har ikkje lese boka, men sett den gamle filmen minst ein gong. Så spørs det om eg kjem meg på kino eller ventar på DVD?

    SvarSlett
  2. Fin kinofilm! Det har vore fleire store kinofilmar denne våren, og dei blir vel kjøpte på dvd etter kvart.

    SvarSlett