lørdag 28. februar 2009

Londonturen vel overstått
























På grunn av mykje venting på buss vart turen unødvendig lang, men no er vi altså vel heime. Eg skal ikkje trøytte lesarar med detaljerte skildringar, men her er eit stikkordsmessig oversyn over turen vår:

Søndag kveld:
Nattbuss frå Folkestad til Gardermoen

Måndag:
Mykje tid på Gardermoen før flyet gjekk 18.30 norsk tid
Tog og tube til Paddington - budde på hotell i same gate som i vinterferien i fjor
Middag: Cottage pie på Garfunkel's i Paddington

Tysdag:
Madame Tussaud's
Museum of London
Natonal Portrait Gallery
National Gallery (Trafalgar Square)
Middag: kyllingrett på Bella Italia
Musical: Billy Elliot

Onsdag:
London Dungeon (veldig endra sidan 1996!)
Brick Lane
Middag: Chicken Korma i Brick Lane (eit høgdepunkt!)
London Eye
Musical: Les Misérables

Torsdag:
shopping
Covent Garden, Regent Street, Oxford Street og New Bond Street
Middag: Wraps på Garfunkel's i Paddington

Fredag:
Victoria and Albert Museum
Hyde Park
Harrods
Middag: blekksprut på italiensk restaurant i Kensington
Reiste til Stansted Airport
Sat oppe om natta og venta på bussen

Laurdag:
Buss frå gardermoen 10.15
Familien henta oss på Eid 19.10

Gamlas beste Londontips er å ha ein grovplan over kva ein skal gjere, og ei lang liste med ting ein har lyst til å gjere. Madame T og London D er ganske dyrt, og der kan vere mykje kø, så vi valde å legge dei aktivitetane tidleg på dag og heller fylle på med gratisaktivitetar så mykje ein har lyst og ork til etterpå. Eldstejenta vart temmeleg sliten dei to første dagane, medan Gamla heldt på å dåne på handledagen. Det var veldig lurt å setje av ein heil dag til shopping, og å reise tilbake til hotellet for å lesse av seg litt midt på dag. Dersom nokon treng selskapsdame på ein tur, er det berre å seie ifrå - eg seier nemleg som Eldstejenta: "Ej elska London!"

4 kommentarer:

  1. Vi var no mest spente på om de heldt dykk friske. Det må de ha vore for å greie eit slikt program!
    No ventar vi på detaljerte reportasjar! Ein om dagen?

    SvarSlett
  2. "Ukrutt forgår ikkje så lett!" Vi heldt oss 100% friske og spreke gjennom heile turen. Skal spare dykk for altfor mange detaljar - bileta talar sitt eige språk - ok vêr, spesielt fredag, og mykje moro og latter. Eit minne for livet både for gammal og ung!

    SvarSlett
  3. Velkomne heim att. Eg er sjølvsagt kjempeglad for at de har hatt ein fin tur, men det beste for MEG er å ha dokke vel heime att. Skulle gjerne ha vore ein tur til LOndon, men eg er realistisk nok til ikkje å drøyme om det. Programmet virka veldig travelt, men for unge spreke folk var det sikkert heilt topp.Håper på fleire glimt frå turen -på bloggen også.Ein annan gong må de ta direktefly frå Vigra!!!

    SvarSlett
  4. Ja, det var litt enklare i fjor, då vi hadde bil ståande på Vigra. Elles så gjekk vi i fornuftige skor; ikkje så stilige, kanskje, men ikkje vonde bein heller. Nokre plager med armane på grunn av altfor tunge koffertar på veg heim...

    SvarSlett