søndag 19. desember 2010

19. desember: fjerde søndag i advent





I dag reiste dei to mellomste på skitrekket saman med faren, medan Minstemann og eg vart att heime. Det vart ein tur ut med akebrett og spark saman med nabogutane, men elles vart det mykje tv på han og stilretting på meg. Då dei hine kom heim ut på kvelden, hadde vi ferdig middag. Storegut fekk endeleg ønsket sitt om laks til middag oppfylt, og sidan "sulten er den beste kokk", gjekk alt ned på høgkant.

Utan Eldstejenta i heimen vart det Minstemann som fekk oppdraget med å tenne det siste lyset.

1 kommentar:

  1. Etter som det skal vere kaldt det meste av veka, skulle eg vel hatt ut sparken min eg også? Laurdag kjem mildveret etter som vermeldinga seier. Ventar deg og Solveig på onsdag e.m.

    SvarSlett