lørdag 4. desember 2010

4. desember: ballettshow og vinklubb

Førejulstida er prega av mange andre ting enn kaker og gåver, og for oss ballett-pårørande tek ikkje dei ordinære førebuingane heilt av før vi er ferdige med vintermatinéen. Det er mykje som skal ordnast av sminke og kostyme, og Veslejenta fann ut i går kveld at ho ikkje hadde ballettskor, så då vart det ein ekstra handlerunde før Barnefaren endeleg fann skor i den sjette butikken han var inne i.

I år er det berre jentene som dansar, men dei er med på til saman fem dansegrupper. Vi måtte derfor drage med oss besteforeldra på to show - til saman vart det tre timar med flotte og sjarmerande dansenummer.

Eg tok ingen bilete denne gongen, men eg reknar med at det dukkar opp presseoppslag eller filmsnuttar eg kan låne seinare. I bloggande stund tek eg meg ein pust i bakken før eg gjer meg klar til å reise på vinklubb seinare i kveld. Kanskje får eg gått ein liten tur òg - det er mykje mildare i dag, og litt snø, men det blir nok termodress i dag òg.

Eldstejentas jazznummer



3 kommentarer:

  1. Du må ta høgde for at det kan vere glatt på vegane både når du køyrer og når du går. Eg berre nemner det.

    SvarSlett
  2. Her var Håkon på nattcup i natt, så han har vore fredeleg i dag - ikkje til ei forandring vel å merke. Olaug skal på overnattingsbesøk i Hjørungavåg. Ho skal visst synge i morgon der, og neste hels trur eg ho skal både synge og spele.

    SvarSlett
  3. Helg, ja. Øystein har sprunge rundt vatnet i dag, så her har vore sånn "far joggar og mor bloggar". Litt vasking og shopping/handling også.

    SvarSlett