onsdag 8. desember 2010

8. desember: julehandel med noko attåt

Kollegavenninne K og eg har innført nok ein tradisjon: felles julehandel på Moa (kjøpesenter ved Ålesund). Etter fangsten å dømme har eg ikkje hatt ein vellukka handel, men du verda kor vi har kosa oss med shopping, cafébesøk og gode samtalar på inn- og utpust!

Eg kan naturleg nok ikkje legge ut bilete av ting eg har kjøpt, men legg i staden ut min favoritt-julesong. det er i dag 30 år sidan Mark David Chapman skaut John Lennon (eller bomma på Yoko Ono, som nokon likar å kalle det).

1 kommentar:

  1. Eg for berre til næraste by i dag. Blåhuset stengte klokka 7 medan Amfi var ope til 8. Ja, ja, eg får kjøpe innpakkingspapir på Nille her i morgon. Då skal eg gjere meg ferdig med alt som skal sendast, så er det dykkar tur!.

    SvarSlett