torsdag 2. desember 2010

Bok 60 2010: "Beatles" av Lars Saabye Christensen

Denne klassikaren har eg lese for mange år sidan, men etter å ha lese "Bly" vart eg freista til å lese den på nytt. Og no har eg lyst å lese "Bly" ein gong til før eg held fram med "Bisettelsen".

Den første boka i trilogien handlar om ein vennegjeng som er unge samtidig med at Beatles vart populære og gjekk i oppløysing. Kapitla har titlar etter Beatles-songar, og musikken er viktig for handlinga elles òg.

Ei god bok som eg hadde gløymt mykje av (sist eg høyrde lydboka, var den på kassettar), og som står på den enno ikkje publiserte lista mi over "norske klassikarar som burde bli laga tv-serie av".

4 kommentarer:

  1. Eg lånte denne ein gong for å begynne på begynnelsen, men så streika første CD-en. I dag let eg Bly ligge att på biblioteket, noko eg kanskje angrar på, for eg kunne no lese første delen av Beatles i papirbok ...

    SvarSlett
  2. Godt råd: les Beatles først!

    SvarSlett
  3. LSC er, som eg så mange gonger har sagt, ein av mine absolutte favorittar.Har lese alle tre B-bøkene, men med lang tid mellom kvar. Har lyst å lese alle om att fortløpande:Beatles, Bly og Bisettelsen.

    SvarSlett