onsdag 1. desember 2010

Første desember

I dag tidleg vakna eg før Minstemann, som ofte deler seng med meg på slutten av natta, og eg vart liggande og høyre på korleis han pusta i søvne. Plutseleg bråvakna han og sa "Mamma, e det romartal på Big Ben?" Deretter vart vi liggande og småprate lenge før vi stod opp. Eitt av temaa som kom opp, var den norske kongerekka, sidan vi har utsikt frå senga mot eit bilete av Haakon VII (altså sju). Eg kunne fortelje guten at oldemora hans kalla farfaren Harald fordi han var fødd under krigen, og då passa det ekstra godt å kalle opp etter ein norsk prins. Eg hugsar godt at ho fortalde meg det ein gong, og eg synest det er koseleg og viktig å fortelje vidare slike små historier.

Frionsdagen skulle eigentleg gå med til ein ny tannlegevisitt, men tannlegen ringde og utsette timen på grunn av sjukdom. Dermed fekk vi ein uventa roleg dag, noko som aldeles ikkje er å forakte i desse tider. Eg fekk blant anna begynt på "første bunke i advent", noko som fekk humøret mitt på topp. Eg kan ikkje fordra å ha arbeid hengande over meg, men stuper heller inn i arbeidet for å få det unnagjort. Dei to yngste hadde fri, og dei kosa seg med rolege inneaktivitetar som lego, lekser og rydding. Nåja, den ryddinga var kanskje verken roleg på norsk eller svensk, og ikkje heilt frivilleg heller, for å seie det rett ut.

Utover ettermiddagen vart det ballett-kjøring, fotballtrening og ein tur under stjernene. Det er ikkje så gale kaldt dersom ein berre kler seg godt og går fort. Eg gjer begge delar.

Adventskalenderane vart ein stor suksess, med stilig legofigur til Minstemann og femti kroner på Griseflaxlodd til dei to mellomste, som skal dele både på kalenderen og eventuelle gevinstar. Dei har allereie begynt å planlegge kva dei skal kjøpe dersom dei vinn ein million, sjølv om høgste moglege gevinst er på 10 000 kroner.

4 kommentarer:

  1. Vi har to adventskalenderar her i heimen. Det er slike vi har kjøpt på døra, og der inntekta går til gode føremål.Vi har ikkje opna nokon av dei enda. Det kan hende vi sparer dei til neste onsdag. For eksempel.

    SvarSlett
  2. Ja, de kan òg førebu dykk på spørsmål om romartal, som nemnt i innlegget.

    SvarSlett
  3. Eg er ein racer på romartall,så det skal gå bra. Trur ikkje mange slår meg på akkurat det. Typisk meg; til meir unyttig til meir interessant.

    SvarSlett
  4. Då veit vi kvar genane til minstemann kjem frå...

    SvarSlett