tirsdag 10. mai 2011

Bok 32 2011: "Harens år" av Arto Paasilinna

Det er lett å bli hekta på Paasilinna. Bøkene hans er korte, morosame og nokså like kvarandre. "Harens år" er gjennombrotsromanen hans her i Noreg, og den er frå 1970-talet. Lydboka med Ivar Nørve er av nyare dato, og han les glimrande.

Oppskrifta er kjend: nokon lever eit litt stusseleg liv, finn eit dyr og reiser rundt. I løpet av reisa møter han menneske som endrar livet hans. Denne gongen er det ein hareunge som står sentralt. Det er føreseieleg, men likevel nyskapande og morosamt utan særleg djup botn.

Eg likar det.

1 kommentar:

  1. Dette var den første Paasilinnaboka eg las, men på ingen måte den siste. Har eit par igjen før eg har lese alle. Som du seier er dei nokså like. "Den elskelige giftblandersken" er vel den mest ulike.

    SvarSlett