onsdag 11. mai 2011

Sol, scoring og stilar

Første del av dagen var like strålande som vi etter kvart er blitt vane med no i mai, og eg hadde mest lyst til å velte meg i solsenga med det same. Minstemann var ikkje like klar for ein dag i solsteiken, så vi gjekk først ein tur og mata naboens villsauer med tørt brød. Deretter luka vi eit bed der løvetennene plutseleg stod i full bløming, og der var mange av dei. Etter kvart kom nabogut T på besøk, og gutane leika med lego i sola medan Gamla velta seg i solsenga med ei god bok.

Utover ettermiddagen skya det over, noko eg merka då eg hadde somna i solstolen, kun iført bikini, og vakna av at eg fraus.

Veslejenta skulle spele kamp i dag, og gutane skulle på trening omtrent samtidig. Det var sesongstart for 2000-laget, som inneheld både gutar og jenter, og gleda var stor då dei slo Ørsta-gutane 9 - 4. Veslejenta hang med, sjølv om ho er travelt oppteken med ballett for tida.

I kveldinga fullførte eg vurderinga av ein stilbunke, så då var eg rett nøgd med meg sjølv og fridagen.

1 kommentar:

  1. Eg velta meg på solsenga med dyne over etter at sola var borte. Sovna tungt og vakna i eit inferno av varme-sola hadde kome fram igjen! Herlige dgar!

    SvarSlett