lørdag 21. mai 2011

Tap og vinn med same sinn

I dag var jentene på ballettøving i Ørsta og gutane på Remacup (fotball) i Volda. Storegut sitt lag tapte mot to lag frå Volda, men vann mot Åram. Minstemann sitt lag slo til med tre kolossale tap, men dei var like blide. Godguten sjølv hadde visst scora, og det overgjekk mine forventningar. Eg har vore til stades på treningane innimellom, og har sett at guten har arva mest frå meg når det gjeld talent for fotball.

Vi har mykje å lære av desse små, som har det like kjekt uansett kva utfallet av kampane blir. Regn og kulde stoggar heller ikkje pågangsmotet. Gleda over å vere med på eit lag og bli heia på av engasjerte foreldre er viktigare for dei enn at dei faktisk taper. Etter kvart som spelarane blir eldre, aukar alvoret, og laget, trenarane og publikum blir opptekne av å forklare kvifor dei taper og kven som har skulda. Gleda over å vinne held seg konstant, men for kvar siger står det att eit tapande lag. På A-lagsnivå er det få som gløymer vonbrotet over eit tap fordi dei får seg ein ny "bøff" med Rema-logo heilt gratis...

3 kommentarer:

  1. Kanskje du til og med får lov til å heie? Eg har munnkorg ...

    SvarSlett
  2. Ja, eg får heie, men veit ikkje alltid kva eg skal rope anna enn "BRA" og "JA"...

    SvarSlett
  3. Men så skal ein rope på rett stad, ikkje alltid like enkelt ...

    SvarSlett