I høve lanseringa av Øystein Ortens novellesamling "Sjabervik" reiste Eldstejenta, foreldra mine og eg til Ulsteinvik og høyrde opplesing, song og musikk på Kaffikari i Ulsteinvik. Mange andre tok turen til arrangementet, som eg må seie var særs vellukka. Eg har lese boka, men det var noko anna å høyre forfattaren sjølv lese om Mobro, Gravaren og Billettøren. Andreas Bjåstad las ein omtale han hadde skrive av boka, og i tillegg las han eigne dikt. Odd Goksøyr og Ronald Øvrelid song og spelte gitar. Etter programmet fekk vi kaffi og kaker, og mange sat att ei stund for å prate.
Her finn du forfattarens blogg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar