lørdag 14. mai 2011

Svigermor 70 år!

I dag fyller Svigermor og Tvillingsystera hennar 70 år. Dei voks opp i Heggjabygda, og vart konfirmerte saman med min Onkel S på Nordfjordeid. Då vi skulle ordne ei gåve, syntest eg det ville vere fint å kunne gi Svigermor eit bilete måla av den same Onkel S, og nokre blogglesarar fekk med seg at eg var på Eid i vinterferien. Vel - no veit de kva "ærend" eg hadde der.

I følgje Eldstejenta, som overrakte gåva, tenkte Svigermor akkurat det eg hadde tenkt om det måleriet; det minte henne om heime. 

Biletet er av Svigermor sist haust, då ho og Svigerfar passa hundane medan sonen var i Bulgaria. Dei seier sjeldan nei til å stille opp for barn og barnebarn, og altså hundar. Dei er "bortreist på dagen", og eg veit ikkje heilt kvar, men eg håpar dei kosar seg!

1 kommentar:

  1. Gratulasjonar til tvillingane frå oss! Ja, det vart litt mimring på Besten då de var her i vinterferien og vi studerte konfirmasjonsbildet til alle årets 70-åringar som vart konf. i Eidskyrkja.

    SvarSlett