lørdag 7. mai 2011

Løgn, brann, incest og syfilis

Fredag kveld såg eg "Gjengangere" av Henrik Ibsen på Ørsta kulturhus. Eg kjenner teksten godt, og eg har sett filmen "Ghosts", men har aldri sett stykket framført på ein scene. Her summerer eg opp mi heilt private meining om teateropplevinga:

Scenen: her var "titteskapet" noko modernisert, og det er greitt. Eg forventar ikkje å få sjå Ibsen spelt som i 1890. Kvifor dei valde å skilje scenen frå publikum med plastplater er meg derimot ei gåte. Det gav ein unødvendig avstand mellom publikum og skodespelarar slik eg såg det.

Fru Alving: mangla mimikk og setningsmelodi. Eg fekk ikkje kjensla av at ho var så frykteleg glad i Osvald, og berre mot slutten verka ho nokolunde truverdig. Ein scene der ho rundkyssa Pastor Manders verka berre tåpeleg.

Pastor Manders: vart framstilt som klippefast og stabil utan svakheiter, noko som vart unyansert samanlikna med teksten.

Regine: vart spelt av ein gravid skodespelar, noko som var forstyrrande. Ho vart gjort svært seksualisert heilt frå første stund då ho var nærgåande mot Engstrand.

Osvald: verka spastisk og gal frå første møte av, og fekk dermed ikkje så dramatisk utvikling som han burde ha fått i løpet av stykket.

Engstrand: det einaste lyspunktet. Han verka svært einfaldig og truskuldig, men vi skjønar at han er utspekulert. Tanken slår meg at dette var det einaste subtile elementet i framsyninga.

No er eg ingen teaterkritikar, og eg har heller ingen ambisjonar om å bli det, men eg er glad i Ibsen og i teater. Eg synest det er synd når ein god tekst ikkje vert respektert meir.

Etter stykket hadde eg ein lang og hyggeleg prat med Kollegavenninne K, så kvelden var på ingen måte mislukka!

2 kommentarer:

  1. Eg var ikkje klar over at Gjengangere skulle gå her, har ikkje lagt merke til annonsar i avisa i alle fall. Hadde neppe gått likevel. Har sjølvsagt lese stykket, men ikkje sett det verken på teater eller film. Trur ikkje eg gikk glipp av noko.

    SvarSlett
  2. Jau, eg meiner eg har sett stykket ein tysdagskveld i min ungdom? Det var dette med smitten frå far til son utan at mor vart sjuk. Desse fjernsynsinnspelingane til Ibsen var vel tradisjonelle, og det er vel slik eg ville hatt dei ... først i alle fall.

    SvarSlett