I dag var det den andre av i alt fem laurdagar på rad då jentene skal danse i Ørsta. Det er travle tider for ballerinaene, og for oss foreldra som må passe på at dei er der dei skal vere til rett tid iført rett og reint utstyr. Dagens ekstraøving varte i nesten tre timar, og eg ser spesielt fram til å sjå jentene danse contemporary ilag for første gong.
Medan jentene dansa, var gutane og eg på besøk hos besteforeldra. Etter kvart fekk vi servert nydeleg middag, og vi fekk slappa godt av i finevêret. Dette medførte ekstra arbeidslyst då eg kom heim, så eg fekk klipt noko plen og retta ein liten bunke med stilar. Veslejenta hjalp meg med å plante nokre blomar i ei krukke, og så hadde systrene fotosession. Dei var langt finare enn fotografen av dette biletet, som vasa rundt, sveitt og forkava, i arbeidsklede og støvlar.
Må visst til å dekke finare bord viss dei skal på bloggen? Er eigentlig ikkje så sikker på kven som "dekka" i dag.Kanskje det var "teamwork"?
SvarSlettNydelig bilde av jentene.
SvarSlett