tirsdag 3. mai 2011

Bok 30 2011: "Plagede sinn" av Minette Walters

Etter eg på 90-talet kom over boka "Olive tok en øks" las eg alt eg kom over av forfattaren, noko som ikkje var mange titlane ("Døden i ishuset" og "Kjerringbissel"). For eit par år sidan las eg dessutan "Acid Row", men elles har eg truleg mykje å glede meg til. I "Plagede sinn" er der både ei spennande historie, som kjem fram gjennom samtalar mellom menneske 30 år etter at brotsverka fann stad, og tydelege karakterar. Ein festar seg ved personane ved første "møte", og sjølve etterforskinga kjem nesten i bakgrunnen. Eg likte boka godt, sjølv om den vart langdryg mot slutten. 12 CD-ar er i meste laget, sjølv når ein kan ligge/sitje/gå tur i sola samtidig som ein les lydbok.

1 kommentar:

  1. Denne boka har eg lese, men det er så lenge sidan at eg mistenker at eg las den papir. Hugsar at eg likte den. Lydbøker bør ikkje vere mykje over 8 CD-ar.

    SvarSlett