mandag 2. mai 2011

Football season in the sun

I dag braka det laust med heimekamp på Folkestad, og Storegut måtte i elden som målvakt. På fotballbanen på Myrane er det ofte kaldare enn andre stader i bygda, og det gjekk ikkje lenge før småsøskena både svalt og fraus. Då dei fekk ein mynt på deling, kom dei attende og hadde kjøpt seg is...

Sola gjekk ned i starten av andre omgang, og eg merka ikkje før eg kom heim kor kald eg hadde vore. Eg kom på at standardutstyr ved heimekampar er termodress, campingstol og termokrus med kaffi. Neste gong skal eg vere betre rusta! Seinare på året plar det dessutan vere mykje mygg der, så myggspray bør ein òg ta med.

Resultatet vart forresten 7 - 6 mot Åram, og stillinga varierte frå 2 - 0 til 2 - 6, trur eg. Det var tett mellom måla ei stund, og ein nyttar sjølvsagt høvet til å prate litt med andre i heiagjengen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar