tirsdag 24. mai 2011

På gravsteinen min skal det stå "AJOUR"

Eg ligg etter. Og det er noko eg mistrivst med. Pulten min på jobb er overlesst med rot, eg får ikkje inn siste bunken eg skal rette, elevane blir aldri ferdige med engelskpresentasjonane sine og eg har eit par ryddeprosjekt i heimen som eg ikkje kjem i gang med. Verst av alt: eg har ein bunke med bøker frå "Verdensbiblioteket" som eg ikkje greier å lese så fort at eg får lånt nokre bøker i papir som eg har lyst å lese. Nokre av bøkene, som til dømes "Faust", er såpass spesielle at eg ikkje er heilt sikker på om eg får utbytte av å lese dei. Viss eg absolutt ville det, kunne eg ha lånt den på biblioteket. No berre står dei der i den overfylte bokhylla og minner meg om at eg ikkje er den intellektuelle kapasiteten dei innbilte seg då dei overtalte meg til å melde meg inn. For andre gong. Neste gong dei ringer, skal eg fortelje dei akkurat det. Ja, for no melder eg meg ut.

Merkeleg, forresten, at det å kjøpe nokre filmar og ha ståande i hylla på vent aldri følest som ei plikt, men meir som å ha noko å glede seg til, noko å ha til gode, som ei sjokoladeplate i skapet. Bøkene, derimot, kjennest som ei tvangstrøye. Eg vil ikkje vere ei sånn som har bøker ståande som eg ikkje les - eller verre: som eg ikkje greier å lese fordi eg finn dei altfor tunge og vanskelege. Kanskje det er slike kvalitetar som må til dersom ei bok skal kome inn i "Verdensbiblioteket"?

No ser eg fram til rolegare dagar, då eg skal rydde pulten og skapa mine både på jobb og heime. Kanskje blir det fint vêr att òg, så eg får luka og planta litt meir, gått nokre fjellturar og lese bøker liggande på solsenga. Kanskje kjem det ein dag då eg kan vakne og tenkje at eg har "gjort kva gjerast skulle" og lure på kva i all verda eg skal finne på. Dersom eg er totalt blank og ikkje har ein einaste idé, skal eg ringe til "Verdensbiblioteket" og trygle dei om å la meg kome inn i varmen att.

2 kommentarer:

  1. Viss det kan vere til noka trøst, så var eg også medlem av verdensbiblioteket eller noko liknande ein gong. Trur eg las EI av bøkene, nokre har eg gikk dei på Hareid, trur eg, også har eg sett nokre til sides som eg tenkte du kunne få. Eller kanskje ikkje.
    Eg får ikkje lese mykje, har ein tendens til å "dette ut" når eg les lydbøker.Og Tilbake til Riverton, eller kva den heiter,er treig å komme gjennom. Rett og slett litt kjedelig.

    SvarSlett
  2. Eg irriterer meg når eg ser tastefeila for seint. Du får tolke i beste meining.

    SvarSlett