Dag 2 i Remacupen skulle Veslejenta til pers. Ho spelar på G2000-laget i tillegg til eit anna lag, der ho eigentleg er for gammal men har rett kjønn. Laget spelte tre kampar og tapte den første mot Herd, kvar no dei kjem ifrå. Andre kamp var mot Volda, og den enda uavgjort, noko som var stor stas. Siste kamp var mot Ørsta, som dei slo ned i støvlane for ei tid sidan, og som var desto meir sugne på revansje. Enden på visa, og kampen, var 3 - 2 til Ørsta.
Bilete kjem dersom nokon legg ut eitkvart på Facebook. Eg gløymde nemleg kamera i dag òg, men der var fleire andre ivrige mødrer som knipsa i villelse innimellom heiaropa.
Kjempefin gjeng og flott bilde.Er Veslejenta einaste jente eller er dei to. Ikkje så godt å sjå når dei er uniformerte.
SvarSlettAlle dei fire på kne bak målvakta er jenter. Dei tre andre er Bjørkedøler.
SvarSlett