tirsdag 3. mai 2011

Kvart fjerde barn er ein nerd

Før jobb i dag var Minstemann og eg til helsesyster på skulen for at han skulle få vaksine og ha ein samtale med henne om kvardagen hans. Det var ikkje fritt for at guten hadde grua seg for vaksinen, så det var fint å få den overstått først. I samtalen etterpå gjorde han greie for mangt og mykje om kor glad han er i frukt og grønsaker, kor han et snop av og til på laurdagane og at han plar ha litt sukker på frokostblandinga. Han heldt dessutan eit heilt foredrag om nøkkelholmerking av varer. På spørsmålet om kva han likar å styre på med i fritida, svara han først "bygge lego", men så kom eit nytt foredrag om alle PS-spela han har, og ikkje minst om at han hadde høyrt på nyheitene at nokon hadde hacka seg inn og teke kontroll over Internett-tilknytinga til Play Station, og at han derfor ikkje har spelt PS via nett på ei stund. Helsesystera lurte på om han likte å halde på med noko ute, som til dømes fotball eller noko slikt. Guten skar ein grimase og svara "ej går no på fotballtrening, men ej ekje so begeistra for sport og sånn".

1 kommentar: