Eg vart vekt litt seint ut på morgonen i dag av ein mann frå Tussa som skulle parkere i oppkjørsla mi og som lurte på om det var greitt. La oss håpe han trur eg hadde hatt nattevakt og derfor måtte sove på dagtid!
Småungane og eg kosa oss i heimen med å lage kalenderting (dei) og gjere litt husarbeid (eg). Seinare vart det henting av Storegut, middagslaging og køyring av dei to små til fotballtrening og bading. Sjølv nytta eg høvet til å gå meg ein lang tur i vinterkvelden.
I bloggande stund har eg fått i hus dei to små att, og alle fire undersåttane er i full gang med å kjevle og stikke ut "julemannar" av ein deig eg laga i føremiddag. Eg får i oppgåve å setje på julemusikk. Stemninga er på topp enno - det går vel over medan deigen minkar.
Her var det berre ei som bakte medan brørne berre snappa til seg ...
SvarSlettDet var jentene som heldt ut lengst her. Minstemann ville berre lage grisar, i alle moglege variantar. Mange blei sensurerte før steiking.
SvarSlett