onsdag 19. desember 2012

Bok 84 2012: "Jeg skal gjøre deg så lykkelig" av Anne B Ragde

Dette er den ellevte boka eg les av denne svært produktive forfattaren. Forfattarskapen hennar er variert både når det gjeld stil, tematikk og kvalitet, og eg har likt best "Arsenikktårnet" og "Berlinerpoplene". Sistnemnde las eg fleire år på rad saman med elevar, men resten av serien og tv-serien var eg noko skuffa over.

"Jeg skal gjøre deg så lykkeleg" er ei lettlesen og interessant bok. Handlinga utspelar seg i eit burettslag utanfor Trondheim i 1965, og boka kan seiast å vere ein slags kollektivroman om dei åtte familiane i oppgangen. Vi møter heimeverande kvinner som for det meste er opptekne av trivialitetar, og menn som kjem heim til duk og dekka bord og deretter bruker fritida til hobbyar. Ein av mennene er enkemann og behandlar dottera si dårleg, ein annan slår sønene sine, og vi kjem under huda på dei alle ein etter ein.

Eg har sett det kritisert at første delen er keisam på grunn av alle trivialitetane, men eg likte akkurat det veldig godt (kanskje fordi eg delvis lytta til lydboka medan eg gjorde husarbeid). Ein fekk innsikt i korleis kjønnsrollene fungerte på 60-talet, og korleis eit konformt ytre kan skjule mange lagnader.

Mi høgst personlege oppfatning er at boka er underhaldande å lese, men at den sluttar for tidleg. Der burde ha vore rom for meir "action", og eg kunne ha tenkt meg ei meir omfattande bok der ein følgde familiane over lengre tid.

7 kommentarer:

  1. Det eg hugsar best er ho som vaskar meir enn ho skal fordiho ha"så godt vann"-gjer av og til det samme sjølv...... Boka er kanskje tidstypisk, men det var ikkje ALLE som levde på denne måten på 60-talet.

    SvarSlett
  2. Eg syntest den med "så godt vann" var krutgod, og så likte eg å lese om all kaffimaten og middagane. Når ein har lite å gjere, fyller ein lett dagane med "de nære ting". Berre tanken på å "ta seg en frokostlur" etter å ha sendt av garde mann og barn er uverkeleg for oss yrkeskvinner. Eg likte å lese om desse trivialitetane, men synest altså at boka manglar "action".

    SvarSlett
  3. Eg likte denne, men var litt skuffa over slutten/-ane, vil vite meir om alle!

    Eva

    SvarSlett
  4. Einig med deg, Eva! Altfor brå slutt (må innrømme at eg leita etter fleire cd-ar).

    SvarSlett
  5. Har boka og har lest den. Den viser livet slik mange levde det i den tidsperioden. Kjedelig for mange ja, men slik var realiteten. En del av historien. Og gir oss forståelse for hvordan utviklingen har vært etter disse årene. Vi kan velge dette såkalte kjedelige livet bort. Det kunne man ikke gjøre på samme måte dengang. Eller, det var ikke lett å ta valget om et annet liv enn gjennomsnittskvinnen levde dengang.

    SvarSlett
  6. Eg trur eg har kommentert tidlegare at eg mislikte denne oppramsinga av kjenneteikn frå tidsepoken, det var kunstig. Sjølvsagt kjekt med attkjenning, men det er no måte på...

    SvarSlett
  7. Eg er til dels einig med deg, Elin, men eg kjenner at eg er noko ambivalent. Alle merkevarer og matrettar kunne verte noko langdryge, men samtidig var desse trivialitetane ein stor del av livet til desse kvinnene. Men boka mangla noko - kanskje ei kvinne som torde å bryte ut?

    SvarSlett