I dag kjendest jobbdagen ekstra lang. Verken elevar eller lærarar er i storslag for tida, så det er tungt å undervise.
No i kveldinga er Eldstejenta på jobb, Storegut på juleball og Minstemann på besøk med ein kompis. Veslejenta har kosa seg med handarbeid og tv medan eg gjekk ein lang tur i vinterkvelden, og no sit vi framfor tv-en og slappar av saman. Eg må hente dei to store på kaia seint i kveld, men fram til det har eg absolutt ingen store planar om noko som helst. Ein må ha slike kveldar òg innimellom.
Artig å sjå Amanda med handarbeid. Er det stjernesting? Litt sløvt her også i kveld, lurer på om eg endelig blir forkjøla?
SvarSlettDiamantsting, seier ho. Det skal bli trekk til ein krakk som mora skal få, men den blir ikkje ferdig til jul.
SvarSlettKjekt å sjå diamantsaum att! Eg laga mange puter på 70-talet. Viss det hadde vore no, hadde vel kanskje datamaskina stole den tida?
SvarSlettEg hugsar no at det heiter diamantsting, det var det eg meinte. Men det liknar no LITT på stjerner?
SvarSlettHo er både flittig og iherdig, i alle fall. Og fargane er tilpassa smaken til mora.
SvarSlett