mandag 17. desember 2012

17. desember: shopping maraton

Etter ein jobbdag der nynazisme og "Jeppe på Bjerget" stod på menyen (eg kan verkeleg det med å skape julestemning), tok eg ein lang shoppingrunde og handla inn resten av julegåvene. I alle fall nesten. Eg kjøpte dessutan juletre og juletrepynt, så no skal det snart bli jul i heimen, berre eg får handla inn mat og denslags. Dagane går fort, og eg blir lett sliten og kjenner senebetennelsen herje.

2 kommentarer:

  1. Eg må innrømme at eg liker å kjøpe julegåver, men det tek på om ein skal halde på kvar dag!

    SvarSlett
  2. Det var langt verre å kjøpe julepynt - vanskeleg å sjå kva som er fint når det er så mykje juggel i butikkane.

    SvarSlett