lørdag 22. desember 2012

22. desember: skogens ro i julestria





Etter å ha handla inn siste rest av nødvendige varer til jul, fann eg ut at eg skulle gå meg ein tur på Stigedalen. Planen var å gå inn til Sagesetra, men då eg kom dit, var det så fint og lett å gå at eg gjekk vidare til neste seter. Og den neste. Til slutt var eg komen til vegs ende, og då heldt eg fram innover stien eit lite stykke, slik at eg fekk utsikt over Movatnet. Turen tok to og ein halv time, og dei fleste vil nok synast at det var ei merkeleg prioritering to dagar før jul. Sjølv meiner eg at både kropp og sjel har godt av frisk luft, mosjon og nokre timar fri frå stress.

3 kommentarer:

  1. Veldig fornuftig prioritering. Eg irriterer meg over at eg ikkje har gått meir tur i det fine desembervëret.

    SvarSlett
  2. Veldig fint å gå innover der. Ein kan køyre ein del av vegen viss ein vil (det er om lag 6 km frå parkeringsplassen til Movatnet, trur eg).

    SvarSlett
  3. Ja, ein skulle ha vore om seg i dette veret, men no er det nok slutt for denne gongen.I morgon kjem det mildver ,regn, etc. Håper vi slepp orkan i år.

    SvarSlett