torsdag 27. desember 2012

3. juledag: juletrefest

Dagen vart kort og litt hektisk i dag. Etter fire dagar utan støvsugar var det tvingande nødvendig med ein tur til tettbygde strok. Det vart ei større investering enn eg hadde budsjettert med (eg kan nemne at rabatten var på 740 kroner), men då fekk eg eit eksemplar som er kraftigare, lettare og har lengre leidning. Merket er Bosch, og den er på 2400 W. Førebels er den berre testa ut på halve stova, og den var i alle fall kraftig nok til å skremme katten. Utanom støvsugaren vart det berre handla mat og daglegvarer. Ungane skulle få velje middag, og då ville dei ha taco til kvelds. Det var heilt greitt for meg.

I 17-tida tok vi turen til grendahuset, der det var juletrefest. Det var ikkje så mange som møtte i år, men det vart ei triveleg stund for oss frammøtte med leikar, song, mat og gang rundt juletreet. Nissen kom dessutan innom med gåver til borna.



Poenget med denne leiken er å gå ni rundar rundt flaska før ein skal treffe ned i flasketuten med ein blyant som heng i ein tråd bak på buksa.


 Ei av jentene i salen meinte at dette var den ekte nissen, for den ho hadde hatt besøk av på julaftan var altfor tynn...

 For ein gongs skuld gløymde eg kamera, så bileta i dag er tekne (med mobiltelefon) av Eldstejenta.

Her er ei lenkje til heimesida til bygda, med fleire bilete

5 kommentarer:

  1. Det er kjekt med slike festar. Leiken er gammal, men gløymt.

    SvarSlett
  2. Leiken var morosam for publikum, og både vaksne og born deltok. Eg la berre ut bilete av "gutta" mine, i tilfelle nokon ville ha mislikt å bli publisert i ein slik tilstand.

    SvarSlett
  3. I min barndom og ungdom var det juletrefestar i heile romjula og langt ut på nyåret. Men då starta jula på julaftan. Advent høyrde vi berre om på skulen, og det var ingen markeringar i adventstida.

    SvarSlett
  4. Jeg så ei flaske Oskar Sylte ananasbrus!!! Fantastisk!!! Bedre blir det ikke ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ananasbrus må til for å få opp stemninga!

      Slett