søndag 9. desember 2012

Bok 81 2012: "Beretningen om herr Roos" av Håkan Nesser

Trass i at dette er den tredje boka i ein kriminalserie, er det ikkje brotsverka i romanen som er det sentrale og som skaper spenning. Nokre forfattarar kan skrive om bestialske mord utan at det blir spennande, men Nesser gjer her det kunststykket å skrive ei spennande bok utan særleg mykje vald og drap.

Ei bokmelding presenterte romanen som ein "roadmovie med et usannsynlig Bonnie and Clyde-par", og det var treffande formulert. Ante Valdemar Roos er ein middelaldrande mann med eit kjedeleg liv, noko som endrar seg når han vinn i tipping, kjøper ein husmannsplass og treffer den tidlegare narkomane Anna. Meir har eg ikkje lyst å røpe om handlinga, anna enn at Gunnar Barbarotti er med i denne boka òg, men først etter over tjue kapittel.

Dette er ei bok eg verkeleg vil anbefale. Den er vakker og gir rom for ettertanke, samtidig som komposisjonen er med på å gi boka framdrift, eller kva ein skal kalle det. Skildringa av kvardagslivet til herr Roos, med dei fryktelege stedøtrene, var både morosam og trist på same tid. Ein får sympati med karakterane på ein heilt unik måte, i alle fall i høve til det som er vanleg innanfor krimsjangeren.

1 kommentar:

  1. Som du veit har eg lese denne boka to gonger, og anbefalt den varmt. Eg vil påstå at det er den beste Håkan Nesser har skrive. Som eg ved fleire høve har påpeikt burde HN gått over til å kalle bøkene sine "en roman om en forbrytelse" slik Jussi Adler Olsen gjer.

    SvarSlett